måndag 12. mars 2007

Cyborg-dokumentar 11. mars

Svensk TV har som alltid ein god dokumentarserie gåande. Sant og seie veit eg ikkje om det er ein serie, eller om det berre er at alle dokumentarane deira er så bra og utvalet så gjennomtenkt, at det står fram som ein serie. Eg har kikka på program om gen-teknologi, elektronisk overvaking, og madammen eit program om kunstig intelligens. No var det ein program om cyborg-teknologi. Poenget er at ein skal lære ha protesar eller anna elektronisk utsyr kopla meir eller mindre direkte til hjerna. Armprostesar var det mest populære. Her har ein kom så langa at ein koplar seg dirkte inn i nervene, og cyborghendene har kjenslesensorar som sender signal TIL hjernen om det den mekaniske handa berører. Og i ein herleg scene stod den mekaniske handa i eit rom, medan eiganern var i eit anna rom, med ein lang ledning i mellom. "Lukk handa di", sa teknikaren til pasienten, og handa i det andre rommet lukka seg. Ein stad i Japen hadde dei bygd forsterkingar til bein og armar, slik at folk med svake musklar skal kunne gå. Men dei kan også nyttast på friske folk, slik at dei vert opp til ti gonger sterkare.
Mykje sci-fi flashar inn over undermedvitet. Særleg i kombinasjonen med kunstig intelligens, og at Japan har vedteke etiske retningslinjer for behandling av robotar.
Ekstremt morosamt og bra.

2 kommentarer:

Anonym sa...

for dei som likar god vitenskapleg innsikt bør ein og sjekke ut dansk undervisningstv tidleg på morgonen. bizarre greier med viviseksjon og full pakke. akkurat det ungane treng. kald og rasjonell vitskap som syner korleis verda heng saman. favoritt episoden er den der dei har ei nedfrossen menneskehand i studio som vert nytta til å forklare menneskets anatomi med. ikkje akkurat trond viggo torgersen

Anonym sa...

ma sjekke:)