onsdag 14. mars 2007

Forbrytelsen NRK 12.mars

"Hvor mange episoder er det egentlig?"

Dette er ein dansk seire, og det betyr i utgangspunktet at det er sinnsvakt bra. Men no er det jamnt nok. Serien er bygd opp rundt ei etterforsking av eit drap, og eit politisk renkespel. Men etterkvart som serien har gått, er ein mistenkt som truleg ikkje har gjort noko gale det einaste lenkja mellom desse to universa. Det er er som å sjå to seriar samstundes. Og det verste er at det ikkje hender noko særleg. Litt som å sjå ein episoda av Lost, serie 2. Har ingen ting mot såper, Greys Antonomy er jo ein favoritt. Men som nokon påpeika i eit nummer av Z (!), så er suksessen til dei amerikanske seriane basert på at sidan dei varer så lenge, så har ein god tid til å nyansere karakterane. Ein kjenner dei etterkvart så godt at ein skjønar fort kvifor dei handlar som dei gjer, utan noko oppbyggjing eller meir forklaring. Forbrytelsen kvernar berre rundt det same plottet, dei set ikkje opp nye scenario som ein god såpe skal gjere. Det er berre det same opp att og opp att. Ein sit og ventar på noko som kan dra historia vidare, men det kjem aldri. Og veit jammen ikkje kva eg skal svare madammen. Eg håpar i allefall at kjem til episode ti snart.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Her må eg seie meg heilt ueinig med deg. Det som gjer serien bra er at det heile tida er drypp av informasjon om eit større og meir brutalt scenario som svar på gåta. Eit scenario som tilseier korrupsjon, maktmisbruk og coverup. Om denne serien hadde vore norsk og dette gjaldt norsk politikk og stortinget trur eg ikkje eg ville ha sett på dette som truverdig, men sidan dette hender i københavn og eg ikkje kjenner til dansk politisk liv så vel eg å tru på dette. Det gjer serien bra. nesten litt som condor filmen med robert redford der ein nøstar opp eit kjempeplott som er skjult som noko anna. i tillegg så er jo serien full av karakterar som ein kan irritere seg over. bra det og.

guffen sa...

Og gløym ikkje at Vesaas på film berre vert dumt.

Anonym sa...

Men kva er det større og brutale scenarioet? Eit bestialsk mord? Det er jo ingen ting som tyder på at noko større enn personleg skuld, og ingenting tyder så langt langt mot eit kjempeplot. Serien vil at me skal tenkje i dei baner som du nemner, men kva skal ein tru når det er ein ordførarkandidat i ei av dei leinade rollene. Så kan ein jo sjølvsagt setje fantasien i sving og tru at det er ein av assistentane hans som har gjort det, og IKKJE han alle spro peikar mot. Eller så er det Theisen sjølv. Det er uansett det minste ein kan forlange av ein krimserie.

Tru på kva då? Er det noko du har sett som er sjokkerande? Noko som ikkje ville trudd på om det var ein norsk politikar som var involvert?

Og det verste er denne forbanna ideen som har spreidd seg over alt, om at helten må ha familiære problem på heimebane. Som ein her rett nok ikkje ser snurten av, av di dei er så opptekne av å gjenta seg sjølv. Så kvifor i alle verda har ein det med i det heile?

Ikkje berre Vesaas. Det finst ikkje ein god tv-serien som bygd på litterære førelegg.