fredag 9. mars 2007

House onsdag 7.3.2007

Det har teke nokre rundar før eg har vend meg av å tenkje på han som ein karakter i Black Adder. Og eg var vel ikkje heilt gjort det enno. Det er likevel tilfredsstillande å sjå på nokon som er gjennomført onde. Det er jo ein trend i seg sjølv, med Shark på TV3 som det siste nye tilskotet. Og han der andre som berre skal gjere gode ting for å rette opp i gamle synder, er vel eit utslag av det same. Drivkrafta i seriane er ein ein gottar seg over det onde, på ein slags Komlehaugen-aktig måte. Men grunnen til at dei der opp truleg skrur av, er at desse hovudpersonane og har menneskeleg trekk. Ein let det skine gjennom at innerst inne, heilt på privaten, så er det ei mjuk kjerne. Denne House-episoden handla om ei kreftsjuk jente, og om kor sterk ho var, var ikkje lei seg sjølv om ho hadde dobbelkreft og propp i hjernen. Men House når inn til henne med kynismen sin, og ho har sjølvsagt ei supermjuk kjerne, tross alt. Det skuffande er sjølvsagt at House har det same, og episoden ender med at han kjøper seg ein motorsykkel og susar av garde på ein slag Easy Rider-måte. I dragsuget går heile ideen for serien og interessa mi.

3 kommentarer:

Th Dreyer sa...

Endeleg ein slagkraftig kritikk av både House og Komlehaugen på ei og same sida.

Anonym sa...

Men skaparane av House har systematisk sortert ut hjartevarmen til dei siste tre minutta - dette trur eg er gjort medvite, slik at det går an å slå av litt før eller gå på toalettet heilt på slutten. Lurt?

R.W.Fassbinder sa...

Man kan kanskje undre seg på om ikke innlegg og kommentarer er forfattet av samme person. For den saks skyld kan jeg ikke være 100% sikker på om ikke denne kommentaren selv er fabrikkert.