fredag 9. mars 2007

Rally Norway laurdag 17.02.2007

Eg er jo glad i sport og eg er glad i tv. Men av og til blir begge delersatt på ein prøve. Som når eg til dømes freistar å hengje med på baseball.Der hender det jo absolutt ingenting 98 prosent av tida. Og når det fyrstgjer det, er det berre nokon som bommar på ein ball. Men eg har forstått deter slik det er med amerikansk idrott, pausar er heile poenget. Kven hugsarikkje framlegget frå fotball-VM der dei ville ha tre pausar. Idiotar.Men no er det kome hit til landet og. Eg benka meg framføre skjermen for åfå med meg Rally Norway på laurdag. Petter Solberg er den einasteidrottsutøvaren femåringen min veit namnet på. Men kva møter oss? Eit snøværsom gjer at helikopteret som skulle ta bilete av bilane i løypa bli ståandeverfast på Gardermoen med det resultatet at ein ikkje ser noko bilkøyring idet heile. Eller det er jo ikkje heilt sant. Ein ser dei rasar forbi tosekund før dei rasar over mållinja på ein eller annan fartsprøve. Og så serein dei køyre bilane inn i depoet i Vikingskipet. Til og med femåringengjekk lei. Hadde dei verekeleg tenkt å ha eit einaste kamera fråhelikopteret og det var det? Og kva er dette med fartsprøvar eigentleg? Erdet ikkje strengt ein heilt vanleg etappe? Og kven gidd eigentleg å høyrekva ein definisjon av ein Mountain-etappe? For ja, det er ein fjell-etappe. Møkkasport og møkka-TV. Takke meg til NRK2 som dekkjer tippeligarunden.

Ingen kommentarer: