TV-POLITIET

tysdag 20. mars 2007

Forbrytelsen NRK 19.mars

Kva sa eg? Så var det ikkje ti episodar, men tjue. Og resten kjem til hausten, og no skriv me mars. Kjempeidè i seg sjølv. Og no la eg merke til at ho heltinna ikkje gjer noko som helst, men at det det svenske orakelet av ein kjærast som set ho i gang. Men endeleg har det i det minste kome ei kopling til rådhuset. Men er det nokon som trur på han portøren? Hettejakke for å skjule andletet sitt då han fylle bensin? I så fall måtte han h hatt noko å skjule, men det hadde han jo ikkje. For me skal tenkje i retning av ordførarkandidaten. Åhh, sjokkerande.

onsdag 14. mars 2007

Forbrytelsen NRK 12.mars

"Hvor mange episoder er det egentlig?"

Dette er ein dansk seire, og det betyr i utgangspunktet at det er sinnsvakt bra. Men no er det jamnt nok. Serien er bygd opp rundt ei etterforsking av eit drap, og eit politisk renkespel. Men etterkvart som serien har gått, er ein mistenkt som truleg ikkje har gjort noko gale det einaste lenkja mellom desse to universa. Det er er som å sjå to seriar samstundes. Og det verste er at det ikkje hender noko særleg. Litt som å sjå ein episoda av Lost, serie 2. Har ingen ting mot såper, Greys Antonomy er jo ein favoritt. Men som nokon påpeika i eit nummer av Z (!), så er suksessen til dei amerikanske seriane basert på at sidan dei varer så lenge, så har ein god tid til å nyansere karakterane. Ein kjenner dei etterkvart så godt at ein skjønar fort kvifor dei handlar som dei gjer, utan noko oppbyggjing eller meir forklaring. Forbrytelsen kvernar berre rundt det same plottet, dei set ikkje opp nye scenario som ein god såpe skal gjere. Det er berre det same opp att og opp att. Ein sit og ventar på noko som kan dra historia vidare, men det kjem aldri. Og veit jammen ikkje kva eg skal svare madammen. Eg håpar i allefall at kjem til episode ti snart.

måndag 12. mars 2007

Cyborg-dokumentar 11. mars

Svensk TV har som alltid ein god dokumentarserie gåande. Sant og seie veit eg ikkje om det er ein serie, eller om det berre er at alle dokumentarane deira er så bra og utvalet så gjennomtenkt, at det står fram som ein serie. Eg har kikka på program om gen-teknologi, elektronisk overvaking, og madammen eit program om kunstig intelligens. No var det ein program om cyborg-teknologi. Poenget er at ein skal lære ha protesar eller anna elektronisk utsyr kopla meir eller mindre direkte til hjerna. Armprostesar var det mest populære. Her har ein kom så langa at ein koplar seg dirkte inn i nervene, og cyborghendene har kjenslesensorar som sender signal TIL hjernen om det den mekaniske handa berører. Og i ein herleg scene stod den mekaniske handa i eit rom, medan eiganern var i eit anna rom, med ein lang ledning i mellom. "Lukk handa di", sa teknikaren til pasienten, og handa i det andre rommet lukka seg. Ein stad i Japen hadde dei bygd forsterkingar til bein og armar, slik at folk med svake musklar skal kunne gå. Men dei kan også nyttast på friske folk, slik at dei vert opp til ti gonger sterkare.
Mykje sci-fi flashar inn over undermedvitet. Særleg i kombinasjonen med kunstig intelligens, og at Japan har vedteke etiske retningslinjer for behandling av robotar.
Ekstremt morosamt og bra.

Kill Bill 2 laurdag 11. mars

Pussig nok gjekk den om igjen dagen etter. Det frista ikkje så mykje, men me fekk med oss Exploding heart-slaget ein gong til. Det var verdt pengane.

laurdag 10. mars 2007

TV2 - Nyhendekanalen si dekning av "Valla-saken"

Frå studio: -Er det knyttet stor spenning til hva som står i rapporten?
Frå utegåande reporter: -Ja, det er knyttet stor spenning til hva som står i rapporten.
Studio: -Hva skjer nå?
Reporter: -Nå skal sekretariatet lese igjennom rapporten.....

Nyhendekanalen er ikkje berre skuffande, den er direkte irriterande. Ikkje nok med at det er den same drøvtygginga om at og om at gjennom heile dagen der dei einaste djupanalysene som vert presenterte er kring endringane i investeringsfonda, når den skal følge saker "live" så er det direkte ikkje-nyhende som vert presenterte. Dette er ikkje nyhende, det er ingenting, det er absolutt og komplett blotta for ei kvar ålmenn interesse å sjå ei dame med mikrofonen i handa rapportere live frå ei pakke overlevering (Valla-rapporten). Alle veit at det ikkje kjem noko meir ut av det. Reporteren seier det sjølv i kvart einaste oppdateringsinnslag i denne TV2's "LO at War" dekning: -Sekretariatet må først lese gjennom rapporten, så vil de diskutere den. Vi får nok ikke noe svar før om mange timer, kanskje ikke før imorgen...... Legg den ned. Eg orkar ikkje meir drit frå denne kanalen. ingen nyhende, dårleg filming, studio ser ut som FOX-News, alvorlege eldre menn og unge "sultne" kvinner stirrar rett inn i kamera med andletet lagt i dei rette faldar. Dette sug både som underhaldning, TV-faglig og som nyhende av ålmenninteresse. Spar oss.

Kill Bill 2 fredag 10. mars

Tja.

fredag 9. mars 2007

House onsdag 7.3.2007

Det har teke nokre rundar før eg har vend meg av å tenkje på han som ein karakter i Black Adder. Og eg var vel ikkje heilt gjort det enno. Det er likevel tilfredsstillande å sjå på nokon som er gjennomført onde. Det er jo ein trend i seg sjølv, med Shark på TV3 som det siste nye tilskotet. Og han der andre som berre skal gjere gode ting for å rette opp i gamle synder, er vel eit utslag av det same. Drivkrafta i seriane er ein ein gottar seg over det onde, på ein slags Komlehaugen-aktig måte. Men grunnen til at dei der opp truleg skrur av, er at desse hovudpersonane og har menneskeleg trekk. Ein let det skine gjennom at innerst inne, heilt på privaten, så er det ei mjuk kjerne. Denne House-episoden handla om ei kreftsjuk jente, og om kor sterk ho var, var ikkje lei seg sjølv om ho hadde dobbelkreft og propp i hjernen. Men House når inn til henne med kynismen sin, og ho har sjølvsagt ei supermjuk kjerne, tross alt. Det skuffande er sjølvsagt at House har det same, og episoden ender med at han kjøper seg ein motorsykkel og susar av garde på ein slag Easy Rider-måte. I dragsuget går heile ideen for serien og interessa mi.